Kommuneplanen sin arealdel

Formannskapet vedtok 21.oktober oppstart av arbeidet med kommuneplanen sin arealdel

Formannskapet vedtek oppstart av arbeidet med kommuneplanen sin arealdel etter plan- og bygningsloven §11-12, og opnar samtidig for innspel til kommuneplanen sin arealdel, med frist 1.februar 2022. Planprogrammet blir etter §11-13 i pbl lagt ut på høyring, med høyringsfrist for uttale 5.januar 2022. Saka finn du her . Anbefaler at ein les saka og planprogrammet godt, før ein kjem med innspel. 

Ynskjer du å kome med innspel kan ein laste ned skjema her (PDF, 184 kB), eller ein kan bruke elektronisk skjema her.
OBS - dette gjeld dei innspela som har med arealbruksendringar, med frist 1.februar 2022. Har du generelle innspel treng du ikkje å nytte skjema. 

Planprogrammet kan lesast her (PDF, 719 kB). Ynskjer du å kome med innspel til planprogrammet før det blir endeleg vedtatt i kommunestyret, treng du ikkje å nytte skjema men du kan sende det pr. epost. Frist er 5.janaur. 

 

Har du spørsmål - ta gjerne kontakt! 

inger.elisabeth.hilstad@oystre-slidre.kommune.no / 61 35 25 12