Kveldsope på utstyrssentalen onsdag 7.november

Onsdag 7.november blir det kveldsope kl.18-20 på utstyrssentralen i Øystre Slidre.

Ski - Klikk for stort bilete Barmarksesongen er no på hell og vintersesongen står for tur. Utstyrssentralen har bl.a. 30 par langrennski, sko og stavar til utlån, og långtidsutlån kan avtalast.

Takka vere prosjektmidlar er utstyrslageret både i Vindevegen og på Furustrand fullt av sport- og friluftsutstyr. I 2017 vart det lånt ut totalt ca. 300 sportsartiklar til 75 lånetakarar. Dette ser ut til å doble seg i 2018. I skuleferien lånte kioskvaktene på Furustrand ut 425 sportsartiklar til 87 lånetakarar. Det var ein fantastisk sommar og mange brukte Heggefjorden og Furustrand som aktivitetsarena. I tillegg har det vore utlån frå utstyrslageret i Vindevegen 5 heile året. No satsar vi på ein flott vinter med utlån av mykje vinterutstyr.

Ordinære opningstider på utstyrssentralen er måndag - fredag kl.9-15.

Her kan du lese meir om utstyrssentralen.

Velkomen til kveldsope 7.november!

Adresse

Vindevegen 5

2940 Heggenes