Marit Karlberg får Øystre Slidre kommune sin kulturpris for 2019

Klikk for stort bileteDet er ei glede å kunngjera at Øystre Slidre sin kulturpris for 2019 vert tildelt Marit Karlberg. Marit er ein av våre fremste tradisjonsbærarar av den vokale songskatten i dalføret, både som utøvar, lærar i kulturskulen og som pådrivar i Øystre Slidre spel- og dansarlag.

Om Marit seier folkorg.no, at ho har utmerka segmed ei av dei mest særegne stemmene i Noreg. Ho har sikker stilkjensle, er kreativ og nyskapande, og har utvikla ein eigen speleteknikk på langeleik for å akkompagnere seg sjølv.

Marit har tidlegare vore med i gruppa Dvergmål og gjeve ut ei plate med barnesongar frå Valdres. Ho er i seinare tid mest kjend for sitt arbeid med Sudan Dudan, der ho saman med Anders Erik Røine har gjeve ut fire plater. Duoen vann Folkelarmprisen i 2018 i kategorien tradisjonelt samspel for plata Heimen der ute, som dei og fekk Spelemann-nominasjon for same året. Duoen turnerar jamnleg, og haustar stor merksemd for konsertane sine. Elles er Marit aktiv i det meste som har med folkemusikk i dalføret, som kurshaldar, tilretteleggjar og utøvar.

Marit får kulturprisen fordi ho vidarefører den lokale og viktige tradisjoner innan song og musikk, som utøvar og som pådrivar i folkemusikkmiljøet i Øystre Slidre og Valdres.

Utdeling av prisen

Prisen vil bli delt ut i Ungdomens kulturhus Gaphuken, 19. oktober, i anledning konsert med Sudan Dudan.

Klikk for stort bilete