Mellombels lokal forskrift om førebygging av koronasmitte

Kommunestyret vedtok på møte den 25. mars mellombels lokal forskrift om førebygging av koronasmitte for påskeveka. Forskrifta er gjort gjeldande for perioden f.o.m. 26. mars t.o.m. 7. april.

Mellombels forskrift om førebygging av koronasmitte  - Øystre Slidre kommune

(vedteke av kommunestyret i Øystre Slidre 25. mars 2021, i sak 25/21)

 

Heimel: Fastsett av Øystre Slidre kommunestyre 25. mars 2021 med heimel i lov av 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer § 4-1.

§ 1 Føremål

Forskrifta sitt føremål er å hindre eller avgrense smitte av koronaviruset (SARS-CoV-2) gjennom tiltak som er tilpassa tilhøva.

§ 2 Verkeområde

Forskrifta gjeld alle personar, organisasjonar og verksemder med fast eller mellombels opphald i Øystre Slidre kommune.

Påbod om munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller personer som av medisinske eller andre årsaker ikkje er i stand til å bruke munnbind.

§ 3 Definisjonar

Med «arrangement» i denne forskrifta er meint arrangement slik det er definert i den nasjonale Covid -19 forskrifta («Forskrift om smitteverntiltak mv. ved koronautbruddet»), § 13, bokstav a-e.

§ 4a Påbod om å bruke munnbind i butikkar og på kjøpesenter

Det skal nyttast munnbind i butikkar og fellesareal på kjøpesenter. Plikta gjeld både for tilsette og kundar.

§ 4b Påbod om å bruke munnbind på serveringsstader

Tilsette på serveringsstader skal bruke munnbind når dei er i lokale der det oppheld seg gjester.

Gjester som besøker serveringsstader skal bruke munnbind når dei ikkje sit ved bordet.

§ 4c Påbod om å bruke munnbind i kollektivtransport

Passasjerar i kollektivtransporten skal bruke munnbind.

§ 4d Påbod om å bruke munnbind i taxi

Passasjerar skal bruke munnbind i taxi. Munnbindet skal takast på før passasjerane set seg inn i taxien, og skal ikkje takast av før reisa er avslutta og passasjeren har gått ut av taxien.

Plikta til å bruke munnbind gjeld tilsvarande for sjåfør når det er passasjerar i taxien.

§ 4e Påbod om å bruke munnbind ved innandørs arrangement

Besøkande på innandørs arrangement skal bruke munnbind.

§ 5 Avstandsreglar i skiheisanlegg

Eigarar av skiheisanlegg skal syte for at det er lagt til rette for at det skal være minst to meters avstand mellom publikum som ikkje kjem frå same husstand i kø ved heis og ved uteservering el.l. Det skal om nødvendig gjennomførast vakthald for å sikre at kravet blir etterlevd.

I stolheis skal det være minst eitt ledig sete mellom passasjerar som ikkje kjem frå same husstand.

§  6 Ansvar

Øystre Slidre kommune påtek seg ikkje økonomisk ansvar som følgje av pålagde tiltak.

§ 7 Straff

Forsettleg eller grovt aktlaust brot på føresegner i denne forskrifta eller vedtak gitt med heimel i forskrifta er straffbart, jf. lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsame sjukdommar § 8-1.

§ 8 Ikraftsetjing og varigheit

Forskrifta trer i kraft 26. mars 2021 og gjeld til og med 7. april 2021.