Om prosjektet
Målet med prosjektet er å sjå på ulike løysingar for transformasjon av den gamle sjukeheimen. Vi ynskjer at prosjektet skal bidra til auka attraktivitet og aktivitet i kommunesenteret, samstundes som det støttar opp om lokal identitet og etterspurnad frå innbyggjarane.
Prosjektet skal resultere i ein moglegheitsstudie som kan gjere greie for kva type aktivitet som kan inn i dei gamle institusjonslokala. Vi ynskjer tett dialog og kontakt med dei som sluttfører moglegheitsstudien, og vi søkjer difor etter nokon som kan vere vår samarbeidspartnar vidare mot sluttføringa. Moglegheitsstudien skal vere ferdig innan 1. mai 2025, og skal innehalde m.a. konkrete løysingsforslag, estimert framdriftsplan og kostnadsoverslag.
Krav til tilbodet
Om ditt firma/kontor er interessert i å delta i ein moglegheitsstudie som skildra ovanfor, ynskjer me at de sender oss eit tilbod. Tilbodet må innehalde ei idéskisse med forslag til tiltak, forslag til vidare prosess og estimert framdriftsplan. Referansar til tilsvarande prosjekt kan leggjast ved om ynskeleg. Vi ber om tilbod innan budsjettramma på 400.000 kr.
Tilbodet må sendast til oss innan 19. desember. Send tilbodet i e-post til idunn.saltnes.skjerdingstad@oystre-slidre.kommune.no
Tilboda vil verte vurdert ut frå kor godt vi meiner de har forstått oppgåva, korleis prosessen vert framlagt og kor realistiske tilboda er. Moglegheitsstudien skal vere grunnlag for vidare realisering av transformasjonsprosjektet.
Informasjon og dokument
Om de er interessert eller har nokre spørsmål ta kontakt med arealplanleggar og prosjektleiar hjå kommunen, Idunn Skjerdingstad, på tlf. 476 42 386 eller e-post: idunn.saltnes.skjerdingstad@oystre-slidre.kommune.no
Informasjon om prosjektet finn du her (PDF, 861 kB)
Tilstandsrapport for Øystre Slidre sjukeheim og aldersboliger finn du her (PDF, 2 MB)
Strategisk plan for utvikling av tettstadane Heggenes og Tingvang finn du her (PDF, 7 MB)