Nøtteliten på Tingvang- ei agurk-nyhende

I desse ferietider så hender det så mangt. Ein dag i juli fekk Tingvang besøk av eit ekorn. Det er uvisst korleis det hadde kome seg inn, for Tingvang har strenge koronatiltak og spriten står klar, for å seia det som det er.  Ulike spor starta i hovedetasjen og leda etter kvart opp ein etasje. Ekornet hadde nok litt teft, for det peila seg fort inn på rådmannsavdelinga.  Etter ei hektisk jakt inne på eit av kontora, så smatt ekornet truleg inn i ventilasjonsanlegget.

Dette var sikkert ikkje ein blivande stad, for neste dag så titta ekornet plutseleg fram att, på leit etter ein utgang. Eit glas vart sett opp i tredje høgda. Dette var like før lunsjtid og på nedsida av huset sat 12-14 kommunarbeidarar og kosa seg med medbrakt matpakke. I eit svev stupte ekornet mot bakken, truleg opp mot 8-9 meter ned. Det landa med eit lite kladask ca ein halvmeter bak stolane, og forsvant hoppande mot næraste furutre og vart borte.

Når forskrekkinga hadde lagt seg, så var konklusjonen at det vart ein forunderleg og flott avslutning på besøket.Klikk for stort bilete 

 

Vi fekk ikkje knipsa bilete av ekornet, men dette er ein fjern slektning som liknar veldig.