Ny krisepakke for frivilligheita

Ein ny koronapakke for frivillige lag og organisasjonar er klar. Formålet med ordninga er å kompensere frivillige organisasjonar som har betydeleg inntektstap frå arrangement eller anna spesifisert aktivitet, som følgje av pålegg eller råd gitt av staten i samband med COVID-19-utbrotet.

Krisepakke 2 gjeld for perioden 12.mars til og med 31.august 2020. Søkarane må vere registrerte i Frivilligregisteret.

Søknadsfrist er 15.september.

Det kan søkjast om:

  • Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden (for eksempel tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarked eller kioskinntekter). 
    Arrangement vil seie tidsavgrensa aktivitetar som er opne for alle medlemmene, besøkande, publikum og andre deltakarar i målgruppa.
  • Tapte billettinntekter frå anna spesifisert aktivitet i perioden (for eksempel museer, akvarier, kinoar eller idrettsanlegg).
    Anna spesifisert aktivitet vil seie tilbod i regi av frivillige verksemder som skulle vore opne for besøkande i den gjeldande perioden.
  • Tapte utleigeinntekter i perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, båtar og andre rom og lokale.
  • Tapte inntekter som følgje av at organisasjonen har mista oppdrag i tilknytning til eit arrangement eller anna spesifisert aktivitet.

Les meir på lotteritilsynet sine nettsider.