Nye koronatiltak i Øystre Slidre kommune

Regjeringa har den 3. januar kome med nye nasjonale påbod og tilrådingar for å bryte ei ev. ny smittebølge. Tiltaka vil førebels vare t.o.m. tysdag 19. januar. Oversikt over alle tiltaka frå regjeringa ligg her.

Tiltaka inneber m.a. at ungdomsskulane skal drivast på raudt nivå og at alle som har moglegheit for det skal nytte heimekontor.

Øystre Slidre kommune har under heile koronaen lagd vekt på å følgje dei nasjonale tilrådingane. I møte i den kommunale kriseleiinga sundag kveld er følgjande tiltak sett i verk (lista er oppdatert 13. januar kl 0945), og vil i første omgang vare i 14 dagar:

  • ØSUS vil drive på raudt nivå frå tysdag 5. januar (måndag 4. januar er skulefri). Elevane vil få melding fra skulen kva dette inneber
  • Alle tilsette i kommunen med kontorarbeid og som har moglegheit for det skal nytta heimekontor. Kven som har heimekontor vert avklart med næraste leiar
  • Kommunehuset Tingvang blir stengt for besøkande
  • Kantina på kommunehuset blir stengt
  • Trimrommet på Heggenes (under legekontoret) blir stengt for trening
  • Sjukeheimen blir stengt for besøk. Unntak for pasientar som er i livets siste fase eller ved alvorleg sjukdom. I slike tilfelle må pårørande kontakte sjukeheimen på tlf. 61 34 28 70 for avtale tidspunkt for besøk.
  • Gapahuken og lydkåken blir stengt for all aktivitet
  • Gruppetilbod i kulturskulen går i utgangspunktet ut, noko vil bli gjennomført på annan måte. Dei det gjeld vil få nærare beskjed. Individuell undervisning vil i utgangspunktet gå som normalt
  • Gymsalar og kommuale bygg blir stengt for fritidsaktivitetar
  • Tilråding om bruk av munnbind i butikkar blir vidareført

Lista vil bli fortløpande oppdatert