Offentleg ettersyn av planstrategien

Formannskapet har vedteke å legge planstrategien for Øystre Slidre kommune 2020-2023 til offentleg ettersyn. Innspelsfristen er 2. mars 2020.

Det er ikkje vanleg høyring på planstrategien, men det skal leggjast til rette for at formannskapets innstilling blir kjent, minst 30 dagar før handsaming i kommunestyret. Dette for å gje moglegheit for offentleg debatt før kommunestyret si handsaming og vedtak.

Planstrategien har inga rettsverknad og er heller ikkje formelt bindande for kommunen.

Planstrategien skal opp til handsaming i kommunestyret den 19.mars.

Saka i formannskapet med vedlegg finn du her. Sjølve planstrategien er dette dokumentet.

Kontaktinfo

Inger Elisabeth Hilstad
Kommuneplanleggjar
E-post
Telefon 61 35 25 12