Om smittesituasjonen i Øystre Slidre (oppdatert måndag 29. november kl 1230)

Kommunelege Arild Jacobsen opplyser at det kom melding om fem nye positive PCR-testar i løpet av helga. Dette betyr at det per 29. november kl 1230 er registrert til saman 47 positive PCR-testar i kommunen i samband med det pågåande smitteutbrotet (sidan 15. november). Massetestingar i grunnskulen er gjennomført, siste dag var sundag, og det er gjennom den siste massetestinga (onsdag, fredag og sundag) berre avdekka smitte på 5. trinn ved Lidar skule.

Alle skular og kommunale barnehagar har gjennom utbrotet registrert eitt eller fleire smittetilfelle (av barn og/eller tilsette). 

Kommunen har no gått tilbake til ei ordning der det blir gjennomført omfattande testing på dei klassetrinna der det ev. blir registrert smitte. Føresette på berørte trinn vil få melding om dette blir aktuelt.

Aktiviteter på fritida kan gå som normalt, men kommuneoverlegen tilrår at smittevern får særleg merksemd så lenge det er kjent smitte i kommunen.

Vi minner elles om at alle som har symptom på Covid -19 må halde seg heime og teste seg. Om du har symptom bør du ta kontakt med kommunen sin koronatelefon 480 33 587. Denne er bemanna kvardagar i tidsrommet 9-11. Testing (PCR) vil skje etter avtale.

Artikkelen vil bli oppdatert.