Opning av skulane

  • Frå 11.mai opnar skulane for elevar i 5.-10. trinn. Skulane er tidlegare opna for 1.-4. trinn og SFO.
  • For elevar i 5.-7. trinn og ungdomstrinnet vil skulane halde fram med fjernundervisning nokre dagar i veka, dette vil variere noko mellom skulane.
  • Barn i risikogrupper eller med føresette/nær familie i risikogrupper skal ikkje møte på skulen, men vil framleis få opplæring som fjernundervisning

Ansvar for opplæring

Det er kommunen sitt ansvar å syte for at elevane får opplæring. Skulane gjer no i hovudsak opplæringstilbodet på skulane. Ein del av undervisninga vil halde fram som fjernundervisning. Dette gjeld elevar på 5.-7. trinn og ungdomsstrinnet.

Utsette barn og barn av foreldre med kritiske samfunnsfunksjonar

Kommunen skal syte for å gje eit tilbod på skulen til utsette barn og barn av foreldre med kritiske samfunnsfunksjonar.

Skyss

Skulebussen går som normalt. Smitterrettleiar for offentleg transport ligg til grunn for reinhald og organisering av skysstransporten. Det er fint om flest mogleg kan køyre barna til skulen for å redusere bruken av buss. Vi oppmodar også flest mogleg til å gå eller sykle der det er eit alternativ.

Standardar og retningsliner

Regjeringa vil sende ut standardar og retningsliner for korleis skuler skal legge til rette opplæringa på ein trygg måte. Desse standardar og retningsliner er ein føresetnad for opning.

Risikogrupper

Barn i risikogrupper, eller barn som har føresette eller andre dei bur i lag med som er i risikogrupper, skal ikkje møte på skulen når opning skjer. Desse barna vil få opplæring som fjernundervisning.

Informasjon

Har de spørsmål så ta kontakt med skulen eller barnehage.

Artikkelen vil bli oppdatert utover dagen.