"Oppfinneren" Erik Alfred i Gapahuken 19.september

Klikk for stort bilete"Oppfinneren" Erik Alfred Tesaker, kjem til Gapahuken for å halde foredrag, torsdag 19.september kl.18.00.

Gjennom NRK-serien "Oppfinneren", har me vorte kjende med Erik Alfred Tesaker og familien, i deira kreative prosess med å skape eit sjølvforsynt, mekanisk paradis på Øystøl på Sørlandet.

Med ei herleg blanding av tradisjonelt handtverk, gjenbruk og greselaus kreativitet, vil Erik Alfred fortelje om livet bak kamera, med eit skråblikk på kvardagsproblem, bakomhistorier frå TV-serien, lune anekdotar frå barndomen, kampen mellom "dråmmetårnet" og kjøkenet, og sjølvsagt draumen om eit sjølvforsynt mekanisk paradis.

Erik Alfred er oppteken av bevisstheit kring kva me menneske brukar liva våre på, med fokus på leikent og varmt samfunn, der me tek vare på kvarandre og ser på folk sine ulikskapar som ressurs.

Foredraget er ope for alle, me håpar å sjå både unge og gamle i salen. Me sel kaffi, vaflar og brus før og etter foredraget.

  • Vaksen kr.200.-
  • Ungdom: kr.100.- (u18 år)
  • Born under 10 år går gratis

Billettar: https://oystreslidrekommune.ticketco.events/no/nb eller i døra.

Me ynskjer og å få til ei lita utstilling, der folk kan ta med seg små oppfinningar, finurleg reparerte eller ombygde maskiner og duppedingsar dei ynskjer å syne fram. Har du noko du ynskjer å bidra med, kan du ta kontakt med ungdomskonsulent Øystein Skattebu.

Kontaktinfo

Øystein Skattebu
Ungdomskonsulent
E-post
Telefon 61 35 25 54
Mobil 412 22 840