Oppstart på kommuneplanen sin samfunnsdel og planprogram på høyring og offentleg ettersyn

Det blei på kommunestyremøte den 19.03.2020 vedtatt oppstart på kommuneplanen sin samfunnsdel og kommunestyret legg planprogrammet ut på høyring og offentleg ettersyn. 

Planprogrammet

Planprogram skal førebu kommunen og politikarane på prosessen rundt ein ny samfunnsdel. Planprogrammet skal sei noko om formålet med arbeidet, tidsfristar, høyringsfristar, korleis politikarane og innbyggarar kan medverke til planen og kvar kommunen ser for seg at det er eit behov for utgreiingar. Forslaget til planprogram skal sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn, i samband med varsling av oppstart av samfunnsdelen.

Kommuneplanen sin samfunnsdel 

Etter plan- og bygningsloven §11-1 skal alle kommunar ha ein kommuneplan. Kommuneplan er todelt, og innehalde ein samfunnsdel og arealdel. Samfunnsdelen er Øystre Slidre kommune sitt viktigaste verktøy for heilskapleg planlegging, både med omsyn til heile kommunesamfunnet og  kommunen som organisasjon.

Samfunnsdelen er underlagt medverknadskrava i plan- og bygningsloven §5-1. Opne planprosessar med gode medverknadsmoglegheiter er viktig og ynskjeleg av mange grunnar. Både forståing og eigarskap for planar i kommunen er sentralt. Realisering av planar er enklare viss flest mogleg forstår kvifor planane er viktige. Samfunnsdelen får innverknad for mange, både einskilde personar, næringsverksemder, lag og organisasjonar.

Kommunestyret legg planprogrammet for revidering av samfunnsdelen av kommuneplanen ut på høyring frå 20. mars til 8. mai.

Innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel er ope frå 20.mars til 27.august. 

Innspel kan sendast til Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes eller til post@oystre-slidre.kommune.no. 

Planprogrammet finner du her (PDF, 686 kB)