Pakkeforløp for psykisk helse og rus

Pakkeforløpa skal bidra til gode, koordinerte og samanhengande tenester til brukarar. Dei skal sikre samhandling mellom brukar, ev. pårørande, spesialisthelsetenesta, kommunale helse- og omsorgstenester og andre relevante aktørar.

Måla med pakkeforløp for psykisk helse og rus er:

  • Auka brukarmedverknad og meir tilfredse brukarar
  • Samanhengande og koordinerte pasientforløp
  • Unngå fagleg ugrunna ventetid for utdredning, behandling og oppfølging
  • Likeverdig tilbod til pasientar og pårørande uavhengig av kvar i landet dei bur
  • Betre ivaretaking av somatisk helse og gode levevanar

Dei tre første pakkeforløpa er lansert i september 2018, og tas i bruk frå 2019.

Pasientar kan tilvisast til følgjande pakkeforløp frå 01. januar 2019:

  • Utredning og behandling i psykisk helsevern, vaksne.
  • Utredning og behandling i psykisk helsevarn, barn og unge.
  • Tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB)

 

Pasientar kan tilvisast til følgjande pakkeforløp frå 15.februar 2019:

  • Mistanke om psykoseutvikling og psykoselidingar
  • Utredning og behandling av tvangsliding (OCD)
  • Spiseforstyrringar hos barn og unge

Det vil også komme pakkeforløp for gravide og rus og eit samhandlingsforløp psykisk helse/rus-barnevern i løpet av 2019.

Meir informasjon finn du på nettsiden til Helsedirektoratet - Pakkeforløp for psykisk helse og rus.

Kontaktinfo

Mari Nysveen
Kontaktperson pakkeforløp psykisk helse og rus
E-post
Telefon 61 34 28 92