Påmelding til haustferie-SFO

Skulane har haustferie i veke 41. I år er det tilbod om haustferie-SFO ved Lidar skule måndag, tysdag og onsdag i haustferieveka.

Tilbodet om haustferie-SFO er for elevar ved Lidar og Rogne skule.

Haustferie-SFO

  • Ordninga er ope for alle elevar i 1.-4.klasse og for elevar med særskilte behov i 5.-7.klasse
  • Opningtid er 08.00 - 15.30
  • For at det skal bli eit tilbod, må det vere minst 5 påmeldte til kvar dag
  • Pris kr.250 per dag barnet skal vere der, ingen søskenmoderasjon
  • 1. og 2.klassingar har 12 timar gratis SFO i veka, ein dag tel som 7.5 timar etter opningtida. Det blir fakturert for bruk utover dette
  • Påmelding er bindande

Program

Programmet vil bestå av inne- og uteaktivitetar, program vil bli lagt fram for dei påmeldte før oppstart.

Påmeldingsskjema

Påmelding via elektronisk skjema SFO-påmelding til skuleferiar

Påmeldingsfrist 25.september 

Kontaktinfo

Anita Aleksandersen
Rektor Lidar skule
E-post
Telefon 61 35 26 00
Mobil 47 30 06 93
Are Alund
Rektor Rogne skule
E-post
Telefon 61 35 24 80
Mobil 99 73 41 75