Piggtrådaksjon sumaren 2024

Øystre Slidre kommune inviterer alle til piggtrådaksjon denne sumaren! 

Formålet med aksjonen er å få vekk gamal piggtråd, spesielt i beiteområda, som er til skade for beitedyr og vilt. Kvar og ein kan samle inn piggtråd.

Innlevering av piggtråd

Piggtråden kan leverast hos Valdres Metall, Høvsvegen 89, 2900 Fagernes, dei vil vege piggtråden og utstede ei kvittering.

Refusjon for innsamla piggtråd

Kommuen utbetalar kr.100 per kg om alle krav er oppfylt, og så lenge det er midlar. Det er ikkje ubegrensa med midlar, så det vil vere fyrstemann til mølla!

Skjema for utbetaling av refusjon

I skjemaet skal det fyllast ut:

  • Namn, adresse, telefonnummer
  • Kontonummer for utbetaling av refusjon
  • Skildring av området der piggtråd er fjerna

 

Følgjande dokumentasjon skal vere vedlegg til skjemaet:

  • Kartfesting av kvar det er fjerna piggtråd 
  • Bilete FØR og ETTER fjerning av piggtråden
  • Kvittering frå Valdres Metall som syner vekta på det som er levert inn

 

Skjema for registrering av piggtråd finn du her

Frist for innsending av skjema

31.august 2024.

God sumar frå Landbrukskontoret.