Plassar i barnehage og SFO frå hausten 2021

Du kan nå søke om plass i barnehage og SFO frå hausten 2021. Søknadsfristen er 15.februar.

Barnehage

Barnehagetilbodet i kommunen er fordelt på to kommunale og ein privat barnehage.

Det er tilbod om 3, 4 og 5 dagars plass i alle barnehagane. For 3- og 4-dagars tilbod kan det søkast om alternative dagkombinasjonar.

Barn som har fast plass, treng ikkje å søke for å behalde plassen dei har. Dersom det er ynskje om endra tilbod, må søknad om endring av plassen sendast inn.

Nytt barnehageår startar 15.august 2021.

Meir informasjon ligg under menyen "Barnehage"

Retten til barnehageplass

Barn bosatt i kommunen som fyller ett år innen utgangen av august 2021, har etter søknad til hovedopptaket rett til plass frå august. Barn som fyller ett år i september, oktober og november 2021, har etter søknad til hovedopptaket rett til plass i barnehage i løpet av den månaden dei fyller ett år. 

Skulefritidsordning - SFO

  • Lidar skule har tilbod om SFO etter skuletid kvar dag
  • Rogne skule har tilbod om SFO før og etter skuletid kvar dag
  • SFO fylgjer skuleruta. Ein må søke om plass i SFO for kvart skuleår
  • Skulestart er måndag 16.august 2021

Meir informasjon ligg under menyen "Skulefritidsordning"

Slik søker du plass i barnehage og SFO

Elektronisk søknadskjema finn du her.

Alle som er folkeregistrerte som busette i Øystre Slidre kommune må logge inn med ID-porten. Husk å ta en sjekk på kontaktinformasjonen din og oppdater det som ikkje stemmer.

Etter å ha logga inn vel ein fane "Barnehage" eller "SFO", vel einingar ein vil søkje til og startar utfylling av søknad.

Kontaktinfo

Inger Gjølgali
Sekretær
E-post
Telefon 61 35 25 55