Prosjektleiar/dagleg leiar for nasjonalt ressurssenter for fjellandbruk

Vi er no i ferd med å etablere eit nasjonalt ressurssenter for fjellandbruk. Ressurssenteret skal vera eit forpliktande nettverk mellom organisasjonar som arbeider med ulike tema knytt til landbruket i fjellområda, og har allereie brei støtte frå mange sentrale organisasjonar, FoU-miljø og offentlege instansar.

Føremålet med ressurssenteret er å utnytte fjellområda sine særpreg og fortinn til  høgare verdiskaping i landbruk og reiseliv. Ressurssenteret skal utvikle strategiar for ei lønsam, berekraftig landbruksnæring og styrke ressursgrunnlaget for tilknytte næringar, der kompetansedeling mellom landbruk, anna næringsliv og organisasjonar som er ein del av fjellandbruket står sentralt. 

Fjellandbruket omfattar 77 kommunar med 20% av jordbruksareala i landet. Ein omtale av bakgrunnen for og målsettinga med ressurssenteret finn du her. (PDF, 140 kB)

Vi søkjer etter ein prosjektleiar som vil bli med å utvikle innhaldet i Ressurssenteret vidare, og som  ved etablering av senteret kan gå inn i stillinga som dagleg leiar. Vi søkjer etter ein person med høg kompetanse innan landbruk og tilknytta næringar, og som ser potensialet i auka verdiskaping for næringslivet i fjellområda. Du må ha høgare utdanning, leiarerfaring og administrativ og økonomisk kompetanse. Du bør ha erfaring frå prosjektarbeid og kunne vise til resultat ved utvikling og realisering av nye idear. Du må ha god evne å etablere relasjonar overfor samarbeidspartar og å skape entusiasme.

Som prosjektleiar vil du vera tilsett i Øystre Slidre kommune, med kontoradresse Løken gard i Øystre Slidre kommune. Som dagleg leiar i ressurssenteret vil du vera tilsett i Ressurssenter for fjellandbruk (ideelt AS), som er under etablering. Selskapet vil ha kontoradresse Løken gard og du vil rapportere til styret for selskapet.  

Les meir og søk stillinga her