Reguleringsplan for Kølleberg bustadområde. Kunngjering av vedtak

Kommunestyret vedtok den 31.01.2019 reguleringsplan for Kølleberg bustadområde. Vedtaket kan påklagast. Klagefristen er 28. februar 2019.

Føremålet med planen er å leggje til rette for 15 bustadtomter. Planområdet ligg i Skammestein, sør for fv 51, mellom fv 289 (Skøltevegen) og Lidar skule

 

Plandokument

Den juridisk bindande reguleringsplanen består av plankart og planføresegner.

Andre sentrale plandokument er:

  • Kommunestyresaka. Heile saka med vedlegg finn du her.
  • Planskildring, med nærare skildring av planområdet med gjeldande planar og vedtak, skildring av planen, konsekvensar av planen og alternative løysingar

Digitalt kart og plandialog med alle journalførte dokument finn du her. Instruksjon i bruk av digitalt kart finn du her. Alle journalførte dokument finn du også via arkivsaka.

Om klage og innløysing

Du har tre alternativ for å klage på planen. Klage må vere skriftleg og grunngitt:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, planavdelinga, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send klage» i webkartet/plandialog

Klagefristen er 28. februar 2019.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram skriftleg til Øystre Slidre kommune innan -3- år frå denne kunngjeringa.


  •  

  •  

  •