Mobilnettet er nede

Frå Statsforvaltaren i Innlandet har kommunen fått melding om at det har oppstått dekningsbortfall i mobilnettet i Innlandet, i området rundt Beitostølen. Det er anteke at årsaka er fiberbrot.  Telenor melder om sterk redusert til ingen dekning rundt Fagernes, Beitostølen, Hovda fjellhotell, Nythun høyfjellstue, Vangsmjøsa og Tyin-fjorden. I tillegg har ca. 2 500 av Telenors breibandskundar mellom Søndre Land og Vang mista forbindelsen. Ice og Telia har utfall og forstyrrelser i mobilnettet i same område. 

Råd til brukarar (frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet):
•    Så lenge det er dekning frå ein mobiloperatør i et område er det mogleg å ringe nødnumra via roaming hjå andre operatørar som har dekning
•    Dei fleste med trådlaust breidbånd kan ringe med WIFI tale
•    Alternativ vil vere å bevege seg til et område som har mobildekning

Kommunen er i gang med å teste trygghetsalarmar, og vil fortløpande vurdere tiltak for å trygge sårbare brukarar. 

Meldinga er publsert 19. april kl 2025, og vil bli oppdatert (sist oppdatert kl. 2035).

Sommarbokbingo 2021

I sommar blir det bokbingo ved Øystre Slidre folkebibliotek. For å vera med leverer du ferdig utfylt skjema for Sommarbokbingo 2021 (PDF, 428 kB) innan 7.september, og er med i trekninga av fine premiar. Slik gjer du: Fyll ut forfattar og tittel i bingorutene ettersom du har lest. Du kan fylle ut ei rad loddrett, vassrett eller diagonalt (5 bøker). Er du superlesar, kan du fylle ut ALLE rutene (det blir 25 bøker til saman). Det er kun lov å bruke ei bok ei gong. For lesarar frå 14 år (ungdom og vaksne).