Søvnkurset Sov godt

Klikk for stort bilete Søvnkurset Sov godt i regi av Frisklivssentralen i Øystre Slidre startar måndag 19.oktober og inneheld fire kurskveldar à to timar. Kurset er utvikla av Helsedirektoratet og er basert på kunnskap frå Nasjonalt kompetansesenter for søvnsjukdomar, Folkehelseinstituttet og Norsk Forening for Kognitiv Terapi.

Kurset blir leia av frisklivsrettleiarane Anne Kari Nedrestøl og Liv Vingdal og vil foregå på Moatunet, Heggenes. Påmeldingsfrist 12.oktober til tlf 976 05 755.

Kvifor søvnkurs?

Dei fleste veit at røyking, alkohol, kosthald og mosjon er faktorar som har avgjerande betydning for helsa. Det er ikkje like godt kjent at også søvn har stor betydning. Dei fleste har kjent korleis ein dårleg natts søvn påverkar humør, konsentrasjonsevne og energinivå. Søvnmangel påverkar i tillegg immunforsvaret og korleis vi reagerer på skader og stress, og det er samanheng mellom dårleg søvn og hjerte-kar-sjukdomar, fedme og diabetes.

For ein del menneske blir søvnproblema kroniske og så omfattande at det går utover dagleg fungering og livskvalitet. For dei som får behandling for søvnproblema, er det oftast sovemedisin som blir brukt. Av og til kan sovemedisin vere nødvendig, men som oftast vil ikkje-medikamentelle tiltak vere eit betre alternativ. Ein kan oppnå betydelig forbetring av søvnen med relativt enkle grep. Heilt bivirkningsfritt. Dette er utgangspunktet for søvnkurset Sov godt.

Kursplan 

Tidspunkt: 19/10, 02/11, 09/11, 16/11 kl.19.00 - 21.00
Oppfølgingskveld: 11.01.21
Sted: Moatunet, Heggenes
Målgruppe: 18-70 år (yrkesaktive blir prioritert denne gongen)

1.kurskveld

  • Introduksjon
  • Søvn og søvnvanskar
  • Avslutning: refleksjon og avspenning

2. kurskveld

  • Søvnvanar
  • Stimuluskontroll
  • Avslutning: refleksjon og avspenning

3.kurskveld

  • Haldningar til søvn
  • Søvnrestriksjon
  • Avslutning: refleksjon og avspenning

4.kurskveld
Oppsummering og vegen vidare

Kursleiarar
Anne Kari Nedrestøl, tlf 480 24 404
Liv Vingdal, 976 05 755

Kontaktinfo

Liv Vingdal
Leiar folkehelse, frivilligsentral og frisklivssentral
E-post
Telefon 976 05 755