Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2023

Kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet skal rullerast for 2023. 

Skateparken på Tingvang er eit nærmiljøanlegg, delvis finansiert med spelemidlarLag, organisasjonar eller andre samanslutningar som ynskjer å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, må ta kontakt med kommunen innan 30. september. 

Retningsliner for tilskot blir årleg utarbeidd av Kulturdepartementet, og dei finn du her: 

Ta kontakt gjennom epost til oystein-skattebu@oystre-slidre.kommune.no eller på telefon 41 22 28 40.

Vegen til stønad via spelemidlar:

Trinn 1: Godkjenning av prosjekt og lag/organisasjon som søker. Ta kontakt med kommunen innan 30.september.

Trinn 2: Laget/organisasjonen legg inn søknad med nødvendige vedlegg via Min ID på  www.anleggsregisteret.no. Søknadsfristen er 1. november.

Trinn 3: Innrullering av anlegget i Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet. Prioritering av innkomne søknader i Øystre Slidre idrettsråd, formannskapet og kommunestyret.

Trinn 4: Kommunen godkjenner og vidaresender den elektroniske søknaden til fylket innan 15. januar påfølgjande år.

Om ordninga:

Spelemidlar er ei ordning der staten brukar inntektene frå Norsk Tipping til å støtte idrettsanlegg og kulturbygg. For idrettsanlegg er det to slag støtte:

Ordinære anlegg der støtta kan vere opp til 1/3 av kostnaden. Ordinære anlegg er anlegg for organisert og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet.

Nærmiljøanlegg der støtta kan vere opp til 50% av kostnaden.  Eit anlegg eller område for eigenorganisert fysisk aktivitet, som ligg tilknytt buområde og/eller opphaldsstader. Som nærmiljøanlegg reknast berre utandørs anlegg.

Det er knytt mange ulike krav til anlegget, søkaren og søknaden. Det oppmodast derfor til at dei som er interessert i å søkje set seg godt inn i «Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet» som ein finn på www.idrettsanlegg.no.

Kontaktinfo

Øystein Skattebu
Ungdomskonsulent
E-post
Mobil 412 22 840