Dagsturhytta og turvegen på Furustrand er delfinansiert med spelemidlar.
Øystre Slidre kommune
Det kan søkjast om støtte både til nybygging og rehabilitering av eldre anlegg. Anlegga kan tilhøyre kategorien ordinære anlegg (anlegg for organisert og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet), eller kategorien nærmiljøanlegg (utandørsanlegg eller område for eigenorganisert fysisk aktivitet, som ligg i tilknyting til bu- og eller opphaldsområde).
Retningsliner for tilskot blir årleg utarbeidd av Kulturdepartementet, her kan du lese retningslinene på regjeringen.no
Ta kontakt med Kari Onstad på epost til kari.onstad@oystre-slidre.kommune.no
eller på telefon 996 90 616.
Vegen til stønad via spelemidlar:
Trinn 1: Godkjenning av prosjekt og lag/organisasjon som søker. Ta kontakt med kommunen innan 1.oktober.
Trinn 2: Laget/organisasjonen legg inn søknad med nødvendige vedlegg via Min ID på www.anleggsregisteret.no Søknadsfristen er 1. november.
Trinn 3: Innrullering av anlegget i Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet. Prioritering av innkomne søknader i Øystre Slidre idrettsråd, formannskapet og kommunestyret.
Trinn 4: Kommunen godkjenner og vidaresender den elektroniske søknaden til fylket innan 15. januar påfølgjande år.
Om spelemiddelordninga:
Spelemidlar er ei ordning der staten brukar inntektene frå Norsk Tipping til å støtte bygge eller rehabilitere idrettsanlegg og kulturbygg. For idrettsanlegg er det to typar støtte:
Ordinære anlegg der støtta kan vere opp til 1/3 av kostnaden. Ordinære anlegg er anlegg for organisert og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet.
Nærmiljøanlegg der støtta kan vere opp til 50% av kostnaden. Eit anlegg eller område for eigenorganisert fysisk aktivitet, som ligg tilknytt buområde og/eller opphaldsstader. Som nærmiljøanlegg reknast berre utandørs anlegg.
Det er knytt mange ulike krav til anlegget, søkaren og søknaden. Det oppmodast derfor til at dei som er interessert i å søkje set seg godt inn i «Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet» som ein finn på www.idrettsanlegg.no