Status på vaksinering i Øystre Slidre - oppdatert 02.11

Ta gjerne kontakt viss du ynskjer dose 3 og er over 65 år. 

I Øystre Slidre vil dei som ynskjer dose 1 og dose 2 bli prioritert foran dose 3. 

INFORMASJON OM DOSE 3
Kommunen startar opp med dose 3 i veke 44. Den vil gå til dei over 65 år og der det har gått minst 6 månedar fra ein fekk dose 2. Dei aller fleste over 75 år har fått ny time no. Har du ikkje det, men ynskjer time til dose 3 - ta kontakt på 61 35 25 12 eller 61 35 25 55.

For dei i alderen 65-74 vil dose 3 i hovudsak bli gitt i desember og fyrste halvdel av januar. Det er fint om personar i denne alderen har gjort seg opp ein meining om dei ynskjer dose 3 når kommunen tar kontakt. Me vil ringe eller sende sms med svarlenkje. Ynskjer du å ordne time alt no - kan du ringe 61 35 25 12 eller 61 35 25 55. 

Me vil som anbefalt starte med dei eldste og sjukheimsbebuarar, vidare gå over i kategorien 75-84 år, før me til slutt vil tilby dose 3 til dei som er i kategori 65-74 år. FHI anbefaler sterkt det går minst 1 veke mellom influensavaksine og dose 3 av covid-19 vaksine. 

16- OG 17 ÅRINGAR
Intervall mellom dose 1 og 2 er 12 veker. For dei aller fleste i denne gruppa vil det betyr at dose 2 blir gitt i slutten av november. Her har dei fleste fått innkalling. 


IKKJE FÅTT DOSE 1 eller DOSE 2?
Er du i Øystre Slidre og ynskjer vaksine er det fint om du tek kontakt på telefon 61 35 25 12 eller 61 35 25 55. 

Har du tidlegare fått tilbod, takka nei og no ombestemt deg må du sjølvsagt ta kontakt (61 35 25 12). Har du helserelaterte spørsmål, tek du kontakt med legekontoret (61 35 29 00).

Det skal gå minst 21 dagar mellom dose 1 og 2, i Øystre Slidre nyttar vi berre Pfizer si vaksine.