Status på vaksinering i Øystre Slidre - oppdatert 08.10

Informasjon om vidare arbeid med vaksinering.

I Øystre Slidre vil dei som ynskjer dose 1 og dose 2 bli prioritert foran dose 3. 

INFORMASJON OM DOSE 3
Etter legekontoret har fått gjennomført sesonginfluensavaksineringa vil kommunen starte opp med dose 3 for dei som er 65 år og eldre. 

Kommunen vil truleg kunne starte opp med dose 3 i veke 45. Dei aller fleste i alderen 75 år og oppover kan ta dose 3 i november. For dei i 65-74 vil dose 3 bli tilbydt i desember og fyrste halvdel av januar. Dette fordi det skal gå minst 6 månadar mellom dose 2 og dose 3. Det er fint om personar i denne alderen har gjort seg opp ein meining om dei ynskjer dose 3 når kommunen tar kontakt. Me vil ringe eller sende sms med svarlenkje. 

Me vil som anbefalt starte med dei eldste og sjukheimsbebuarar, vidare gå over i kategorien 75-84 år, før me til slutt vil tilby dose 3 til dei som er i kategori 65-74 år. FHI anbefaler sterkt det går minst 1 veke mellom influensavaksine og dose 3 av covid-19 vaksine. 

16- OG 17 ÅRINGAR
Intervall mellom dose 1 og 2 er 12 veker. For dei aller fleste i denne gruppa vil det betyr at dose 2 blir gitt i slutten av november. Me sender ut innkalling på sms ca. 2 veker i forkant av oppsatt time.


IKKJE FÅTT DOSE 1 eller DOSE 2?
Er du i Øystre Slidre og ynskjer vaksine er det fint om du tek kontakt på telefon 61 35 25 12 eller 61 35 25 55. 

Har du tidlegare fått tilbod, takka nei og no ombestemt deg må du sjølvsagt ta kontakt (61 35 25 12). Har du helserelaterte spørsmål, tek du kontakt med legekontoret (61 35 29 00).

Det skal gå minst 21 dagar mellom dose 1 og 2, i Øystre Slidre nyttar vi berre Pfizer si vaksine førebels.