Status på vaksinering i Øystre Slidre - oppdatert 13.07

Me er i all hovudsak ferdig med innkalling av alle folkeregistrerte innbyggarar over 18 år. 

Er du folkeregistrert i Øystre Slidre og ynskjer vaksine, men har ikkje fått avtalt dato for dose 1, er det fint om du tek kontakt på telefon 61 35 25 12 eller 61 35 25 55. 

 

Slik prognosene er no, vil alle folkeregistrerte innbyggarar over 18 år få fyrste stikk innan 11. august!

 

Har du tidlegare fått tilbod, takka nei og no ombestemt deg må du sjølvsagt ta kontakt (61 35 25 12). Har du helserelaterte spørsmål, tek du kontakt med legekontoret (61 35 29 00).