Status på vaksinering i Øystre Slidre - oppdatert 14.06.

Alle i kategori 8, (55-64 år) jfr FHI sine retningslinjer skal ha fått innkalling.  

Er du i kategori 8 og ikkje fått innkalling, ta kontakt. Me vil truleg starte med innkalling av personar i kategori 9, i slutten av denne veka (veke 24). Vaksinedato for kategori 9 blir i hovudsak i juli. 

Alle folkeregistrerte personar i Øystre Slidre vil bli kontakta pr telefon eller sms om vaksinering.

Innkalling foregår i all hovudsak via sms. Det betyr at me sender innkalling etterkvart som me veit kor mange vaksinedoser me får den bestemte veka, som regel 10-14 dagar før vaksineringsdato. Det er viktig at alle som får ein slik sms svare på denne smsen, her vil det vere fleire svaralternativ. 

Slik det ser ut no vil me i slutten av juni starte med vaksinering av kategori 10 i slutten av juli. Merk at kommunen ikkje har ansvar for å vaksinere turistar eller dei som har fritidsbustad; desse må få tilbod om vaksine i eigen kommune.

Har du tidlegare fått tilbod, takka nei og no ombestemt deg må du sjølvsagt ta kontakt (61 35 25 12). Har du helserelaterte spørsmål, tek du kontakt med legekontoret (61 35 29 00).

Me forstår at dykk er utolmodige, men alle vil få tilbod om vaksine, når det etter nasjonale retningslinjer er din tur. 

Vaksinering i sommar
Det er viktig at innbyggjarane planlegg ferie slik at dei kan møte på vaksinasjonsdagen, som i all hovudsak vil vere på onsdagane. Det er særs viktig at alle forstår at dei må nytte tilbodet når dei får det, dette for å redusere arbeidsmengden med logistikk.