Status på vaksinering i Øystre Slidre - oppdatert 14.12

Vi endrer opplegget for vaksinering. 

I Øystre Slidre vil dei som ynskjer dose 1 og dose 2 bli prioritert foran dose 3. Er du folkeregistrert i kommunen etter 1.juli - ta kontakt med oss slik at vi er sikre på at vi har deg i vårt system.

INFORMASJON OM DOSE 3
Nytt mål er at alle over 45 år skal få sin dose 3 innen midten av januar. 

I Øystre Slidre setter vi no opp ein ekstra vaksineringsdag som blir 16.desember, dei som kan få dose 3 etter gjeldande frekvens er kalla inn per sms i dag.

På nyåret startar me opp med vaksinering 5. januar. I veke 2 vil vi ha vaksinering både 12. og 13 .januar. 

Vil du alt no vil avtale time for dose 3 i 2022 - ta kontakt med vaksinekoordinatorane (61 35 25 55).  Hovudsakleg vil vi kalle inn alle på våre lister til vaksinering per sms. 

IKKJE FÅTT DOSE 1 eller DOSE 2?
Er du i Øystre Slidre og ynskjer vaksine er det fint om du tek kontakt på telefon 61 35 25 55. 

Har du tidlegare fått tilbod, takka nei og no ombestemt deg må du sjølvsagt ta kontakt. Har du helserelaterte spørsmål, tek du kontakt med legekontoret (61 35 29 00).

Det skal gå minst 21 dagar mellom dose 1 og 2. Intervallet mellom dose 2 og 3 må vere minst 20 uker.
I Øystre Slidre nyttar vi berre Pfizer si vaksine.

Kontaktinfo

Kontakttelefon - vaksinering 1
Telefon 61 35 25 55
Kontakttelefon - vaksinering 2
Telefon 61 35 25 55