Status på vaksinering i Øystre Slidre - oppdatert 2.mai

Ynskjer du vaksine? Ta kontakt med vaksinekoordinator.

INFORMASJON OM DOSE 3
Alle over 18 år som har meir enn 20 veker frekvens frå dose 2, skal no ha fått innkalling til dose 3. Dersom du ikkje har fått tilbod om dose 3, ta kontakt med vaksinekoordinator.

INFORMASJON OM DOSE 4
Personar 80 år og eldre som har fått 3 dosar og ikkje gjennomgått kornoasjukdom etter dette, kan få ei ny oppfriskningsdose om dei sjølv ønskjer det. Dosen kan bli gitt tidlegast 4 månader etter siste oppfriskningsdose, D3.

Personar med alvorleg svekka immunforsvar er anbefala grunnvaksinering med 3 dosar, samt ein oppfriskningsdose (dose 4) 3 månader etter dose 3 dersom dei ikkje har gjenommgått koronasjukdom ettter dose 3. 

VAKSINASJON AV BARN 5-11 ÅR
Denne gruppa har fått tilbod om vaksinering.

VAKSINASJON AV BARN 12-15 ÅR
Denne gruppa har fått tilbod om vaksinering.

IKKJE FÅTT DOSE 1, DOSE 2, eller DOSE 3? 
Er du i Øystre Slidre og ynskjer vaksine er det fint om du tek kontakt på telefon 61 35 25 55. 

Har du tidlegare fått tilbod, takka nei og no ombestemt deg må du sjølvsagt ta kontakt. Har du helserelaterte spørsmål, tek du kontakt med legekontoret (61 35 29 00).

Det skal gå minst 21 dagar mellom dose 1 og 2. Intervallet mellom dose 2 og 3 må vere minst 20 veker.
I Øystre Slidre nyttar vi berre Pfizer si vaksine.

Kontaktinfo

Kontakttelefon - vaksinering 1
Telefon 61 35 25 55