Status på vaksinering i Øystre Slidre - oppdatert 26.04.

I kommunen har no dei aller fleste som tilhøyre kategori 4 fått tilbod om vaksine. Vidare held me på å kalle inn personar i kategori 5, 6, og 7, jfr FHI sine retningslinjer

Framover vil me sende ut sms med innkalling til vaksinering. Det betyr at me sender innkalling etterkvart som me veit kor mange vaksinedoser me får den bestemte veka. Det er viktig at alle som får ein slik sms svare på denne smsen, her vil det vere fleire alternativ. 

Alle folkeregistrerte personar i Øystre Slidre vil bli kontakta pr telefon eller sms om vaksinering. Du treng ikkje å kontakte kommunen eller legekontoret, me kontakte deg. Slik det ser ut no vil me i midten/slutten av mai starte med vaksinering av personar i kategori 8, personar med alder 55-64 år.  Merk at kommunen ikkje har ansvar for å vaksinere turistar eller dei som har fritidsbustad; desse må få tilbod om vaksine i eigen kommune.

Har du tidlegare fått tilbod, takka nei og no ombestemt deg må du sjølvsagt ta kontakt (61 35 25 12). Har du helserelaterte spørsmål, tek du kontakt med legekontoret (61 35 29 00).

Me forstår at dykk er utolmodige, men alle vil få tilbod om vaksine, når det etter nasjonale retningslinjer er din tur. 

Vaksinering i sommar
Kommunane vil få fleire vaksinedosar i juni, juli og august. Det er viktig at innbyggjarane planlegg ferie slik at dei kan møte på vaksinasjonsdagen, som i all hovudsak vil vere på onsdagane. Det er særs viktig at alle forstår at dei må nytte tilbodet når dei får det, dette for å redusere arbeidsmengden med logistikk.