Status på vaksinering i Øystre Slidre - oppdatert 27.08

Ynskjer du vaksine? Ta kontakt!

Er du i Øystre Slidre og ynskjer vaksine er det fint om du tek kontakt på telefon 61 35 25 12 eller 61 35 25 55. 

Har du tidlegare fått tilbod, takka nei og no ombestemt deg må du sjølvsagt ta kontakt (61 35 25 12). Har du helserelaterte spørsmål, tek du kontakt med legekontoret (61 35 29 00).

DOSE 2  - ENDRING AV INTERVALL
Vaksineleveransen er auka og vi kan avkorte doseintervallet. Dei som har venta lengst skal prioriterast fyrst. Dei aller fleste har fått ny time til dose 2.

Det skal gå minst 21 dagar mellom dose 1 og 2, i Øystre Slidre nyttar vi berre Pfizer si vaksine førebels.

 

STIKK OG STEM

Vi har eit ekstra tilbod om førehandsrøysting i samband med vaksinering. Det er høve til å røyste dei ettermiddagane vi har vaksinering. Ein kan røyste etter at ein har fått vaksina og observasjonstida er over. 

Du treng ikkje valkort, men legitimasjon er nødvendig.

Røystelokalet er i respsjonen på Tingvang.