Status på vaksinering i Øystre Slidre.

Me held på med vaksinering av kategori 4, jamfør FHI sine retningslinjer.

Det er personar i alderen 65-74 år og samtidig personar mellom 18 og 64 år med sjukdommar/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp (merka med * i listen over risikogrupper under). Sjå fullstendig liste her

Kommunen får beskjed om tal på vaksinedoser me mottek 7-12 dagar i forkant, difor er det svært vanskeleg å sei når me går over i neste kategori og når me skal vaksinere akkurat deg.


Alle folkeregistrerte personar i Øystre Slidre vil bli kontakta pr telefon eller sms om vaksinering. Du treng ikkje å kontakte kommunen eller legekontoret, me kontakte deg. Merk at kommunen ikkje har ansvar for å vaksinere turistar eller dei som har fritidsbustad; desse må få tilbod om vaksine i eigen kommune.

Har du tidlegare fått tilbod, takka nei og no ombestemt deg må du sjølvsagt ta kontakt (61 35 25 12). 

Me forstår at dykk er utolmodige, men alle vil få tilbod om vaksine, når det etter nasjonale retningslinjer er din tur.