Statusrapport koronautbrotet - Beito barnehage opnar att tysdag 6. april

Alle barn og tilsette som har vore i karantene etter smitteutbrotet før påske vart testa søndag 4. april, og har avgitt negativt prøveresultat. Dette betyr at dei no er ute av karantene, og at Beito barnehage vil opne opp att frå tysdag 6. april.

Kommuneoverlege Arild Jacobsen kan vidare fortelle at ytterlegare ein person av dei 29 som vart sett i karantene fredag 26. mars har testa positivt, slik at det no til saman er 13 personar som er registrert smitta i samband med dette utbrotet. Samtlege av desse har vore i karantene sidan 26. mars. Den nye positive testen har ikkje medført at nye personar er sett i karantene.

Per måndag 5. april er 13 personar i isolasjon og 2 i smittekarantene i kommunen.