Stenging av Dalsvegen fram til 15.desember

Stenginga gjeld mellom Midtskogmyre rett ned for Varpet og Dale bru. Det blir no opparbeidd ny trase på dette strekket.

For å nytte overskottsmasse ved bygging av ny vass- og avløpsleidning frå Skammestein til Sæle har vi lagt ny trase av ein parsell av Dalsvegen inn i prosjektet. Det inneber at parsellen mellom Midtskogmyre og Dale bru må stengast, entreprenøren har varsla om at den blir stengt til og med fredag 15.desember.

Vegreferanse for endepunkta for stengt veg er: 0544 KV 1043 HP1 m250 - m1250, mellom Midtskogmyre og Dale bru.

Stenginga av parsellen påvirker skuletransporten for nokre elevar ved Lidar og ØSUS, dei har fått direkte beskjed om skyssordning i stengingsperioda.

Spørsmål kan rettast til teknisk drift i kommunen ved Gudbrand Berg, tlf 415 87 905 eller i e-post til gb@oystre-slidre.kommune.no