Stølsveko i Øystre Slidre 2020

Klikk for stort bileteStølsveko blir i år arrangert i veke 41 og er eit aktivt ferietilbod for barn som går i 5.-7. klasse. Dagsprogrammet vil bli litt avkorta i år med kun tre dagar, dagsprogram frå 10-14 og ingen overnatting. Det blir ikkje organisert felles transport. 

Vi følgjer gjeldande smittevernreglar. Maksimalt 20 deltakarar. 

Stølsveko er eit samarbeid mellom Øystre Slidre kommune, stølseigarar, Øystre Slidre fjellstyre og Valdres friluftsråd.

Deltakaravgift
kr. 300.- pr. barn (for tre dagar). Det kan søkjast om redusert deltakaravgift dersom økonomi er eit hinder (sjå meir info i søknadsskjema). 

Utstyr
Kan lånast på Utstyrssentralen.

Søknadskjema
Søknadsskjema Stølsveko 2020 det må sendast inn ein søknad pr. barn. Søknadsfrist 28.09.20.

Program

Måndag 5.oktober
Fjelltur til Rabalsmellin og stølsbesøk på Rabalen hjå Anne Karine Milo. Føresette kjører barna til Vangsjøen Fjellstue til kl.10.00. Alle har med dagstursekk med ekstra klede, nistepakke og drikke. Vi oppmodar alle deltakarane til å bruke middels fine friluftsklede alle tre dagane. Føresette hentar ved Vangsjøen Fjellstue kl.14.00.
 

Tysdag 6.oktober
"Junior fjelloppsyn" v/Øystre Slidre fjellstyre. Fisking, naturstig, spikking, bålbrenning m.m., (ta med eigen fiskestong eller lån på Utstyrssentralen.) Føresette kjører barna til rasteplass ved Etna (vegkryss til Rognsfeten) til kl.10.00. Alle har med dagstursekk med ekstra klede, nistepakke og drikke. Føresette hentar på same plass kl.14.00.

Onsdag 7.oktober
Padling på Øyangen og ulike aktiviteter i klatreparken, Beitocampen. Føresette kjører barna til Beitocampen til kl.10.00. Alle har med dagstursekk med ekstra klede, nistepakke og drikke. Føresette hentar på same plass kl.14.00.

Velkomen til ei aktiv og artig Stølsveko

Klikk for stort bilete 

Kontaktinfo

Liv Vingdal
Leiar folkehelse, frivilligsentral og frisklivssentral
E-post
Telefon 976 05 755