Stølsveko i Øystre Slidre 2022

Stølsveko i Øystre Slidre blir arrangert for tiande gong, og foregår frå 8.- 12.august.

Stølsveko er ei aktiv ferieveke der barn og unge får ”smake og føle” på stølsliv og friluftsliv i Øystre Slidre og dele artige opplevingar med kvarandre. 

Innhaldet i Stølsveko vil vere stølsbesøk, sykling, padling, bading, fisking, juvvandring, leik og moro m.m. Det blir ei overnatting i telt i Sanddalen ved Vinstre.

Målgruppa er barn og unge i alderen 10-13 år, og det betyr at elevar som går i 4.-7. klasse våren 2022, får tilbod om dette. Elevane i Øystre Slidre vil før skuleslutt få informasjon via Rogne og Lidar skule. Søknadsfrist er 30.juni.

Folkehelsekoordinator i Øystre Slidre organiserer Stølsveko i samarbeid med andre kommunetilsette, stølseigarar, fjellstyret og Beito Aktiv.

Program og påmelding

Program for Stølsveko finn du her (PDF, 2 MB)

Påmeldingsskjema finn du her

 

Velkommen til Stølsveko!