Til lag/organisasjonar som nyttar kommunale bygg til sine aktivitetar

Grunna korona-pandemien har kommunale bygg vore stengt for det meste av dykkar aktivitetar over ei lengre periode. Kommunen ynskjer no å opne gradvis for slik aktivitet for lag/organisasjonar (ikkje private føremål), men på ein måte som ivaretek smittevernet.

Frå og med 1.september vil vi opne for at  lag/organisasjonar som ynskjer å drive sin aktivitet i kommunale bygg kan få høve til dette i følgjande lokale:

  • Storsalen på Tingvang
  • Kaffisalen på Tingvang
  • Auditoriet på ØSUS
  • Gapahuken

Frå og med 28. september opnar vi også gymsalane på Lidar og Rogne skule. ØSUS sin gymsal blir opna når vedlikehaldsarbeidet som pågår er avslutta.

Ansvarleg person
For å nytte kommunale lokale, vil kommunen stille krav om at lag/organisasjonar utpeiker ein ansvarleg person, som må syte for forsvarleg reinhald av kontaktflater etter bruk, og som fører namnelister over kven som har vore til stades i lokalet til ei kvar tid. Vidare vil den ansvarlege personen måtte ta ansvar for at generelle og spesielle smittevern råd vert fylgd opp.

Vi reknar med at det vil vere mange interessentar. Dette betyr at vi ikkje kan garantere at laget/organisasjonen får tilgang til lokalet til det tidspunktet ein ynskjer.

Melde interesse
Lag og organisasjonar som vil nytte seg av dette tilbodet må melde frå om dette på elektronisk skjema:
Skjema for bruk av kommunale bygg under korona-pandemien

Frist for tilbakemelding: onsdag 23 september kl.1200. Merk at alle interesserte må melde seg i denne runda, også dei som frå før nyttar dei aktuelle lokala. 

Det er mogleg å melde seg etter denne fristen. Kommunen vil då tildele lokale så langt det er ledig.

Ei eventuell forverring av smittesituasjonen kunne føre til at vi vil måtte stenge for aktivitet på kort varsel.

Ev. spørsmål kan rettast til kommunalsjef Rolf Stalenget, tlf 908 98 321.

Kontaktinfo

Rolf Stalenget
Kommunalsjef opplæring og kultur
E-post
Telefon 61 35 25 52
Mobil 908 98 321