Tilbod om Covid-19-vaksinering av 12-15 åringar

Regjeringa har beslutta å følgje Folkehelseinstituttet (FHI) si anbefaling om å tilby koronavaksinasjon til ungdom i alderen 12-15 år.

Vaksineringa i Øystre Slidre kommune vil gå føre seg på skulane onsdagar i vekene: 38 (ungdomskulen) og 39 (barneskulen). Elever fødd i 2006, 2007, 2008 og dei i 2009 som har fylt 12 år, vil få tilbod om vaksine. Dei som fyller 12 år seinare i haust, vil få tilbod på eit seinare tidspunkt. Dei unge har god immunrespons og skal inntil vidare få kun ein vaksinedose, Comirnaty (BioNTech og Pfizer).

Det er skulehelsetenesta som vil utføre vaksinasjonen i samarbeid med legekontoret. Alle skal observerast i 20 minutt etter vaksinering jmf. retningsliner frå FHI. Føresette kan følgje til vaksinering om ønskjeleg.

For personar under 16 år blir det krevd samtykkje frå begge føresette ved felles foreldreansvar. Det er dei føresette som tek helsemessige beslutningar, men barn/ungdom skal bli høyrd i beslutningar som gjelder deira helse.

OBS! Samtykkeskjema og eigenerklæring blir sendt med eleven heim og skal fyllast ut og leverast til skulen i lukka konvolutt seinast fredag 17.09.21

Vaksine-spørsmål kan rettast til skulehelsetenesta v/Mimmi Rudi

Kontor: 61 35 24 90               Mobil: 91 32 40 79

 

Meir informasjon finn du på fhi.no under «koronavaksinasjon»

https://www.fhi.no/nyheter/2021/12-15-aringer-tilbys-koronavaksinasjon/

Kontaktinfo

Mimmi Rudi
Leiande helsesjukepleiar
E-post
Telefon 61 35 24 90
Mobil 913 24 079