Vassmålaravlesning

Det er sendt ut SMS til dei abonnentane som skal lese av vassmålaren sjølv (ein SMS per målarnummer).

Øystre Slidre kommune har to ulike system for avlesning av vassmålarar.

Om lag 800 abonnentar har automatisk avlesing av vassmålar. Desse treng ikkje å lese av vassmålarar sjølve.

Dei resterande 1700 abonnentane må lese av vassmålaren ein gong per år. Det er nå sendt ut SMS til dei abonnentane som skal lese av vassmålaren sjølv (ein SMS per målarnummer). Telefonnr blir henta frå våre system, Difi sitt kontaktregister eller frå opplysningstenesta 1881.

Denne SMS-en skal besvarast med målarstand, dei som har fleire målarnummer må passe på å svare på rett SMS. I svarSMS-en er det kun målarstanden (kun tall) som skal skrivast inn.

SMS:
Fristen for å svare på SMS-en er satt til 19.12.19. Systemet er opent for løpande registrering til og med 16.januar 2020. Det vil bli sendt ut ei SMS-påminning i romjula.

Får eg svar på SMS-en?
Det kjem eit automatisk svar på SMS-en som stadfester at avlesninga er registrert, her ser ein og forbruk sidan førre registrering.

Kva om eg har sendt inn feil målarstand?
Feil avlesning kan korrigerast ved å sende inn avlesninga på nytt.

Kva skjer om eg ikkje svarar på SMS-en innan fristen?
Dersom ein ikkje svarar innan denne fristen, vil ein få tilsendt ein ny SMS med ny frist for å svare. Systemet er opent for fortløpande registrering til og med 16.januar 2020.

Avlesingskort:
Dei som ikkje mottek SMS vil få avlesingskort tilsendt i posten, som tidlegare.

Vi oppmodar flest mogleg av dei som mottek avlesingskort til å rapportere målarstanden inn elektronisk på leseav.no Her må du oppgje koden som står på avlesingskortet.

Dersom du har motteke avlesingskort i år, men ynsker  å svare via SMS neste år, kan du leggje inn mobilnummeret ditt når du rapporterar inn målarstanden.

Dersom du ikkje ynskjer å rapportere målarstanden elektronisk, kan du fylle ut svarslippen på avlesningskortet. Fyll ut målarstand, signer skjemaet og sendt inn til kommunen. Her er det også mulig å legge inn mobilnummer dersom du ynskjer å levere målarstanden via SMS ved neste års avlesning.

Kontaktinfo

Ragnhild B. Steinde
Konsulent
E-post