Velkomen til våre nye nettsider!

Øystre Slidre kommune har fått nye nettsider! Dei nye sidene skal gjere det enklare for deg å finne nyttig informasjon. Dei gamle sidene er borte, og vi håpar at dei nye sidene gjer det enklare å finne fram.

Dei seks valdreskommunane har samarbeidd om utforminga av dei nye sidene, men innhaldet er strukturert noko ulikt.

Stort fokus på nyttig informasjon og sjølvbetening

Vi ynskjer med desse sidene å presentere relevant informasjon på ein enkel måte. I tida framover har vi eit mål om å få på plass fleire elektroniske skjema. Då blir det enklare å søke om tenester, og handsaminga til kommunen blir raskare og betre.

Søkefelt i sentrum

Dei nye nettsidene har betre søkefunksjonalitet enn dei gamle. Difor kan det løne seg å bruke søkefeltet om du leitar etter noko spesifikt. Øystre Slidre er ei nynorskkommune, ver difor merksam på at søk etter eit ord på bokmål ikkje alltid vil gje resultat.

Det kan være mangelfullt innhald i startfasen

Dei nye nettsidene er bygd opp frå botnen av, og vi har prøvd å fylle sidene med relevant informasjon. Det kan likevel vere nokre sider der det står at det kjem informasjon snart. Dette er sider vi arbeider med å få lage innhald til, og desse vil bli fylt med innhald i løpet av kort tid.

Vi ynskjer tilbakemelding frå deg

Om det er noko du ikkje finn, eller om du oppdager "daude lenker", bed vi deg om å bruke funksjonen "Fant du det du lette etter" nedst i artikkelen/søkeresultatet. Svar "Nei" på dette, og spesifiser kva du såg etter, så skal vi forsøke å bli betre. Vi har starta med blanke ark, så vi set stor pris på alle tilbakemeldingar om forbetringar som kan gjerast i tida framover.

Vi håpar du set pris på dei nye sidene!