Vil du bli meddommar?

Øystre Slidre kommune skal velje meddommarar for perioda 1. januar til 2025 til 31.desember 2028. 

Det skal veljast meddommarar til Vestre Innlandet tingrett, Eidsivating lagmannsrett, Valdres forliksråd, Vestre Innlandet jordskifterett og skjønnsmedlemmar. Kan dette vere noko for deg?

Kva for oppgåver har ein meddommar?

Ein medommar er ein fagperson utan juridisk utdanning som deltek i behandlinga av ein rettsak på lik linje med domstolen sine eigne fagdommarar.

Eit viktig rettsprinsipp i det norske rettssystemet er at ein skal dømmast av sine likemenn. Det blir sett på som ein garanti for rettstryggleiken at vanlege folk deltar i retten og dømmer i straffesaker. Meddommarar deltar i straffesaker i tingrettane og lagmannsrettane. Dei blir trekte ut tilfeldig frå eit utval til kvar enkelt sak. Det skal til vanleg vere like mange av kvart kjønn. Meddommarane er med på å vurdere om den tiltalte er skuldig og kva slags straff vedkomande eventuelt skal få. I avgjerda tel meddommarane sine stemmer like mykje som fagdommarane sine stemmer.

Kven kan bli meddommar?

Kven som kan vere meddommar er regulert i domstollova kapittel 4.

Du må:

  • snakke og forstå norsk, og elles vere personleg eigna til oppgåva
  • ha fylt 21 år og vere under 70 år når du blir vald
  • ikke vere frådømd stemmeretten
  • ikkje vere under offentleg gjeldsforhandling, konkursbehandling eller i konkurskarantene
  • stå innført i folkeregisteret som som busett i kommunen når valet blir gjennomført
  • vere norsk eller nordisk statsborgar, eller ha sått registrert i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste tre åra
  • ikkje vere dømd for visse straffbare forhold

Øvrige krav

  • Forliksrådet: aldersgrense 25 år, særleg egna til oppgåva, forstå norsk skriftleg og munnleg godt (domstollova § 56)
  • Jordskifteretten: ha god kunnskap om saker som jordskifteretten til vanleg behandlar (jordskiftelova § 2-5)
  • Skjønnsmedlemmar: ha god kunnskap eit eller fleire felt som vanlevis blir berørt av skjønn, spesielt innan bygningsvesen om jord- og skogbruk. For skjønnsmedlemmar er det inga øvre aldersgrense (skjønnsprosesslova §14)

Me gjer merksam på at nokre kan vere utelukka frå val på grunn av si stilling eller vandel etter domstollova §§ 71 og 72

Meir informasjon

Du kan finne meir informasjon om å vere meddommar på nettsida til Noregs domstoler

Ønskjer du å vere meddommar?

Meld di interesse her

Frist 22.mars 2024

Kontaktinfo

Kontakt Øystre Slidre kommune
E-post
Telefon 61 35 25 00