Skip Navigation LinksØystre Slidre > Off. ettersyn

Reguleringsplan for veg mot Grytebekkosen til offentleg ettersyn

Føremålet med planen er å leggje til rette for veg frå stølsvegen Bergo-Rabalen mot ti eksisterande hytter ved Grytebekkosen nord for Øyangen i Rogne. Planområdet er på eigedomen gnr. 44 bnr. 1.

Formannskapssaka med vedlegg finn du her.

Merknadsfristen er 20. oktober.

Sjå oversiktskart, kart som viser kva alternativ som er utgreidde og saka i formannskapet.

Plankartet og føresegnene er den foreslåtte juridisk bindande planen.

Planskildring og konsekvensutgreiing er ei skildring av planen og prosessen med ei vurdering av konsekvensar. Dokumentet inneheld også ROS-analyse.

Alle journalførte dokument i saka etter 01.07.2016 finst her. Alle journalførte dokument i saka før 01.07.2016 finst her.

Digitalt kart / webkart finn ein ved hjelp av denne rettleiinga.Direkte link til planen i webkartet finst her.

 

Du har tre alternativ for å gi innspel til planen. Innspel må vere skriftlege:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, planavdelinga, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send uttalelse» i webkartet

 

Sist endra 15.09.2017
Tenestestad (1)
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune