Skip Navigation LinksØystre Slidre > Om oss

Om Øystre Slidre

Øystre Slidre er ei langstrakt fjellbygd lengst nord i Valdres. Kommunen er ein av seks Valdres-kommunar og grenser mot Nord Aurdal Kommune med regionsenteret Fagernes i sør og Jotunheimen nasjonalpark i nord. Øystre Slidre dekkjer eit areal på 964 km2 og har vel 3100 innbyggjarar.

Volbufjorden - Klikk for stort bilete

Arealet er i grove trekk:
75 km2 innsjøar og vassdrag
110 km2 høgfjell over 1300 m.o.h.
110 km2 produktiv skog
30 km.2 jordbruksareal
10 km.2 vegar, industri m.m.
543 km.2 blandingsskog, bjørkelier, myrer og fastmark.

Dei viktigaste næringane er landbruk og turisme.
Det er om lag 240 aktive gardsbruk i kommunen, dei fleste driv med mjølkeproduksjon. Over 85 % av gardbrukarane nyttar fjellbeita sine og har kyrne på stølen om sommaren.

Reiselivet har og ein sentral posisjon i kommunen, med Beitostølen som turistsenter. Dei tre største hotella, har til saman over 100 årsverk. Elles er Øystre Slidre kommune den største arbeidsgjevaren, med 240 årsverk. Som nummer to kjem Beitostølen Helsesportsenter med 75 årsverk.

Prosentvis er arbeidsplassane fordelt slik: landbruk 21%, offentleg tenesteyting 30%, privat tenesteyting 10%, industri, produksjon, bygg og anlegg 16%, varehandel 7% og hotell og restaurant drift 16%.

Kommunen har full barnehagedekning og har to nye barneskular og ein ungdomsskule.

Øystre Slidre har skifer i kommunevåpenet. Skiferen vann i konkurranse med mellom anna langeleiken, under ein lang debatt i kommunestyret i 1988. Dette viser kor viktig skifersteinen er og har vore for kommunen. Det har vore skiferdrift i kommunen i meir enn 200 år.

Avstand frå Øystre Slidre til dei største byane er:
Oslo, 200 km, Lillehammer, 140 km, Gjøvik, 120 km, Bergen, 360 km og Trondheim, 370 km.

Sist endra 01.08.2014
Teneste (1)
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune