Skip Navigation LinksØystre Slidre > Om oss > Verksemdsanalyse

Verksemdsanalyse for 2016

For sjette år på rad har Øystre Slidre kommune utarbeida ei verksemdsanalyse. Analysen er basert på rapportering til Statistisk Sentralbyrå av regnskaps- og produksjonsdata (KOSTRA), i første rekkje gjennom Kommunebarometeret, brukarundersøkingar, medarbeidarkartleggingar vi gjer kvart andre år, samt interne prosessar med verksemdsleiarane.

Verksemdsanalysen er ei skildring av kva Øystre Slidre kommune produserer og leverer av tenester. Vi har forsøkt å omtale ressursbruk, kvalitet og omfang av tenestene på kvart einskild område, og å gje ei vurdering av korleis den viktigaste ressursen vår, medarbeidarane, føler kvardagen er.

Vi håper analysen skapar engasjement hjå innbyggjarar, eigarar/brukarar av fritidsbustader, næringslivet, politikarane våre og dei tilsette, slik at vi saman kan møte framtida sitt behov for tenester til befolkninga, næringslivet og gjestene i Øystre Slidre kommune!

Sist endra 26.05.2016
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune