Detaljregulering for Aasgarden. Utlegging til 2. offentleg høyring/ettersyn

Detaljregulering for Aasgarden - planID 202006 leggjast ut til 2. offentleg høyring/ettersyn. Merknadsfrist er 19. april 2023.

Målet med planforslaget
Målet med revidert planforslag er å leggje til rette for ei vidareutvikling av området for fritidsbygg/hytter og fritids-/turistleilegheiter, samt trygg kryssing av Bygdinvegen (Fv. 51) med skibru. I tillegg skal planforslaget leggje rammer for ei områdeutvikling som vidareutviklar fritidstilbodet med utgangspunkt i intensjonsavtalen om Klima+, på ein miljø- og berekraftig måte som byggjer opp om utviklingsmål i overordna kommunale planar.

Planområdet er vist med sort stipla line i kartet. 

Informasjon om saka
Planforslag for detaljregulering for Aasgarden med to alternativ låg ut på offentleg høyring og ettersyn i seks veker våren 2022. På bakgrunn av dei innkomne merknadane i samband med det offentlege ettersynet, har kommunen bestemt at planforslaget skal reviderast og leggjast ut til ny offentleg høyring og ettersyn og berre med eit alternativ. Høyringsfristen nye 6 veker.


Juridsik bindande dokument
Dei juridsik bindande dokumentane er plankart (PDF, 597 kB)og føresegner (PDF, 172 kB).


Andre relevante dokument:

Planomtale (PDF, 6 MB)

Illustrasjosnplan 1 (PDF, 5 MB)

Illustrasjonsplan 2 (PDF, 4 MB)

ROS-analyse (PDF, 17 MB)

Støyvurdering (PDF, 26 MB)

VAO-Rammeplan (PDF, 26 MB)


Alle journalførte dokument i saker finn du her.


Merknader
Du kan sende merknader merka med namn til planen og planID til kommunen innan 19. april 2023.

Merknader kan sendast på e-post til post@oystre-slidre.kommune.no eller i brev til Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes.


Generelle opplysningar
Innkomne merknader er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget. Alle merknader blir vurdert og referert for politisk myndigheit. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.

Kontaktinfo

Martina Böhme
Arealplanleggjar
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 90 97 33 51