Planområdet
Planområdet rett nord for sentrum av Beitostølen, og og omfattar eit område på 37 daa nord for fylkesvegen. Planområdet ligg delvis innafor det som i kommunedelplanen har formål sentrumsutbygging og idrettsanlegg. Planforslaget foreslår at del av sentrum, Sentr 3 blir omregulert, slik at det blir del av det nye formålet kombinert byggje- og anleggsformål.
Føremål med planen
Formålet med planen er å etablera nytt parkeringsanlegg og ny verkstad med kontor, i tilknyting til skianlegget. Det verte parkering for ca. 240 bilar, verkstad og mesanin med kontor.
Kommunedelplanens føresegner tillèt oppføring av parkeringsanlegg under terreng. Det er derfor lagt inn moglegheit til å nytta parkeringstaket til annan bruk som aktivitetar og arrangement på sommarstid. Det etablerast heis i bygnaden som sikrar tilgjengelegheit og universell utforming med åtkomst ut på terreng frå alle etasjane. Det blir planlagt for å utvida 40-sona fram til den nye regulerte avkøyringa. Gang- og sykkevegen blir senka slik at ho ligg på tilnærma same nivå som fylkesvegen ved avkøyringa. Det etablerast køyrbar gang- og sykkelveg fram til verksstaden som ligg på same nivå.
Det blir foreslått ein tona ned fasade, der bygnadens form delvis ligg bakt inn i terrenget. Gesimslinja er dynamisk og gir alpine referansar, samtidig som den stilistisk liknar det arkitektoniske uttrykket på Beitostølen.
Det vart varsla oppstart av detaljreguleringsplan for Beitostølen aktivitetsparkering den 14.06.2023. I formannskapet 24.08.2023 vart planen samrøystes vedteke lagt ut på offentleg høyring og ettersyn. Høyringsfristen er 6 veker.
Juridisk bindande dokument
Dei juridisk bindande dokumenta er plankart (PDF, 327 kB)og føresegn. (PDF, 128 kB)
Andre relevante dokument
Planomtale (PDF, 5 MB)
Politiske vedtak (PDF, 182 kB)
ROS-analyse (PDF, 2 MB)
Trafikkanalyse (PDF, 2 MB)
Illustrasjonar (PDF, 12 MB)
Alle journalførte dokument i saker finn du her
Planprosess
Oppstartsvarsel og fyrste behandling i formannskapet er gjennomført. Planforslaget er no lagt ut til offentleg høyring/ettersyn. Det fylgjer:
1. Vurdering av merknader og ev. justering av planforslaget. Sak til formannskapet.
2. Ev. nytt offentleg ettersyn og ny handsaming i formannskapet, dersom justering av planforslaget er påkrevd.
3. Vedtak av plan i kommunestyret
4. Kunngjering av plan og klageadgang
5. Ev. handsaming av klage i formannskapet og ev. statsforvalteren.
Merknader
Du kan sende merknader merka med namn til planen og planID til kommunen innan 11. oktober 2023.
Merknader kan sendast på e-post til post@oystre-slidre.kommune.no eller i brev til Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes.
Generelle opplysningar
Innkomne merknader er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget. Alle merknader blir vurdert og referert for politisk myndigheit. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.
Har du spørsmål?
Har du spørsmål kan du ta kontakt med sakshandsamar Tom Salamonsen, e-post: tom.salamonsen@oystre-slidre.kommune.no