Detaljregulering for Beitostølen logistikkhus, utlegging til offentleg ettersyn

Detaljregulering med namn Beitostølen Logistikkhus blir lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadsfrist er 5. august 2021.

Det skal byggast eit logistikkhus med parkering for bilar i 3 plan og busstopp med utomhusanlegg.

Integrert i anlegget blir det og lagt varmestove med toalettfasilitetar. På taket av logistikkhuset blir det planlagt soner for aktivitet og rekreasjon.

Plandokument er lagt på kommunen si heimeside: oystre-slidre.kommune.no og i Valdreskart. For denne planen gjelder to plankart (merka med blå stipla line).

Innspel

Merknader merkast med namnet til planen og planident 202101 og sendast til kommunen innan 05.08.2021. Merknader kan sendast på e-post: post@oystre-slidre.kommune.no eller til Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes.