Endring av Klyppemyrhaugen til offentleg ettersyn

Forslag til endra plan for Klyppemyrhaugen bustadområde er lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadsfristen er 25. mars 2019.

Området er eit bustadområde mellom Beitostølen og Beito som vart regulert i 2002. Føremålet med endringa er å legge til rette for større område for konsentrert bustadbygging.

Plankartet og føresegnene er dei foreslåtte juridisk bindande dokumenta. Konsekvensutgreiinga er ei skildring av planendringa med vurdering av konsekvensar. Også merknadene i saka er refererte og vurderte i konsekvensutgreiinga.

Saka der formannskapet vedtok å legge ut saka til offentleg ettersyn med alle vedlegg finn du her. Vedlegget "Plankart endringar" er informativt.

Alle journalførte dokument i saka finn du her.

Digitalt kart og plandialog finn du her. Rettleiing i bruk av det digitale kartet finn du her.

Etter offentleg ettersyn skal planen behandlast i formannskapet, som anten endrar planen og legg han ut til nytt offentleg ettersyn eller legg planen fram for kommunestyret for vedtak.

 

Innspel til planforslaget

Du har tre alternativ for å gi innspel til planen. Innspel må vere skriftlege:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, plan, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send uttalelse» i webkartet/plandialog

Merknadsfristen er 25. mars 2019.