Endring av reguleringsplan for Klyppemyrhaugen. Varsel om oppstart

Med dette varslar vi oppstart av endring av reguleringsplan for Klyppemyrhaugen. Forslag til planprogram for planarbeidet er også lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadsfristen er 24. desember 2018. Klikk her (PDF, 4 MB) for presentasjon ved ope møte om saka på Radisson -hotellet 10. des.

Øystre Slidre kommune ynskjer med denne planendringa å legge til rette for meir bygg for leiligheiter for fastbuande i området. Bakgrunnen er ein konkret førespurnad om å kunne bygge 40-50 små leiligheiter.

Området er eit bustadområde mellom Beitostølen og Beito som vart regulert i 2002.

Digitalt plankart over gjeldande plan finn du her. Vi vil vurdere å omregulere og utvide B3 som i dag er einebustader og å utvide L3 til å omfatte K6 og delar av F3 og og K5.  Planføresegnene blir også vurdert endra ved auka utnyttingsgrad og høgder. Oppfattingane av kva som er god byggeskikk har endra seg sidan 2002 og vi vil vurdere å endre begrensingar når det gjeld areal av vindauge, opne for flate tak mv. Gjeldande planføresegner finn du her.

Forslag til planprogram finn du her (PDF, 2 MB). I planprogrammet er meir informasjon om planområdet og planprosessen.

Alle journalførte dokument i endringssaka finn du her.

Det vart halde informasjons- og dialogmøte om saka 10. desember. Presentasjonen finn du her (PDF, 4 MB). Referat blir publisert seinare.

Spørsmål til planarbeidet kan rettast til arealplanlegger Knut Frode Framstad, knut.frode.framstad@oystre-slidre.kommune.no, tlf. 61352582.

Merknader og innspel

Merknader og innspel til oppstartvarselet og planprogrammet kan sendast til:

Merknadsfristen er 24.12.2018.