Frigiving av kulturminna på Raubrøtmoen industriområde

Med dette varslar vi oppstart av reguleringsplan for frigiving av kulturminna på Raubrøtmoen industriområde. Merknadsfristen er 8. april 2019.

Raubrøtmoen industriområde ligg ved Heggenes. Føremålet med planen er å legge til rette for å kunne frigi kulturminne og utvide to tomter for næringsareal. Foreslåtte utvidingar utgjer 981 m2 og 1694 m2. Områda er i dag regulert til landbruksområde/bevaring av anlegg og inneheld til saman tre kolgroper. Arronderingsmessig høyrer områda naturleg til tilgrensande næringstomter. Kulturminnene har eit dårleg vern i dag og har liten verdi som kulturminne.

Gjeldande plan og forslag til ny plan:

  1. Plankart gjeldande plan (PDF, 283 kB)
  2. Føresegner gjeldande plan
  3. Forslag til plankart endra plan (PDF, 303 kB)
  4. Forslag til føresegner endra plan (PDF, 36 kB)

Utgreiingar og grunnlagsdokument for planendringa

  1. Analyserapport mot temadata i DOK (PDF, 428 kB)
  2. ROS-analyse (PDF, 863 kB)

Digital plandialog

Digitalt kart og alle journalførte dokument i saka finn du her. Instruksjon i bruk av kartet finn du her. Dokumenta finn du også via postjournalen.

Planprosessen

Første steg er dette oppstartvarselet. Så følgjer:

  1. Vurdering av innspel til oppstartvarselet, evt. justering av planforslaget. Sak til formannskapet
  2. Utlegging av planforslag til offentleg ettersyn
  3. Vurdering av merknader, evt. justering av planforslaget. Sak til formannskapet.
    • Eventuelt nytt offentleg ettersyn og ny behandling i formannskapet dersom justering av planforslaget.
  4. Vedtak av plan i kommunestyret
  5. Kunngjering av plan og klageadgang
    • Eventuell behandling av klage i formannskapet og eventuelt fylkesmannen

Innspel ved oppstart

Du har tre alternativ for å gi innspel til planen. Innspel må vere skriftlege:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, planavdelinga, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send uttalelse» i plandialog

Merknadsfristen er 8. april 2019.